I den nyleg vedtekne samfunnsdelen av kommuneplanen, som i stor grad handlar om disponering av areal til bustader, næring, jordbruk o.l. går det fram at både politikarar og administrasjon ventar ein vekst på 1 prosent av folketalet kvart år, fram mot 2050. Eg har prøvd å rekna på det, og komme fram til at det i så tilfelle vil vera om lag 25000 stordabuar når den tid kjem, og det utan at me har lagt under oss Fitjar kommune. I Statistisk Sentralbyrå (SSB) si folketalframskriving reknar ein med at det berre er 19500 stordabuar i 2050, altså, så godt som inga auke i folketalet i det heile.
I dag var eg i verdsarven, Gudvangen, på veg til og frå Aurlandsvangen og skulen der.Eg svinga nedom Flåm òg, men gjekk ikkje utor bilen. Det gjorde eg heller ikkje nede ved ferjekaien i Gudvangen. I staden stoppa eg på ein kafé utanfor denne «vikinglandsbyen» som dei har laga til der. Ein vikingkafé med norsk mat skilta dei med.
Denne veka er eg på Voss, her har eg ikkje vore ofte før, berre nokre få gonger for å spela, eller for å stoppa og ta ein kaffi på gjennomreise, og alltid for å reisa vidare, så snart eg kunne, først gong var med Reidar Brendeland, på ein viseklubb, trur eg, sidan med bluesbandet eg spela i i Bergen, og ein gong med Hovland, Kaldestad og Helleve, best hugsar eg Vossajazz i 1984, då eg hadde eit times program saman med Liverpool-poeten Adrian Henri
Staffan William-Olsson var tilbake på Stord laurdag, Denne gongen hadde gitaristen med seg sitt eige band, Babylon Brothers, og eigne låtar i amerikansk vestkyststil.