Hilde Hildal Hauglid er ordførerkandidaten til Stord SV og ein av dei som har underteikna dette innlegget som først stod i avisa Sunnhordland 31. august.
Då Stord kulturhus vart bygd for over 40 år sidan, var ikkje det etter initiativ frå det lokale kulturlivet. Heller ikkje først og fremst med tanke på kva lokale lag og organisasjonar, kunst og musikkliv hadde bruk for. Kulturhuset vart bygd etter initiativ frå Aker Stord for å sikra seg at den tilflytta arbeidskrafta vart buande her. Då trong Stord eit betre fritidstilbod enn det kommunen alt hadde.
Dersom du ikkje vassar rundt i ålegraset, slepper du lettare unna tentaklane til brennmaneta, opplyser kommunelege Sørheim i Sunnhordland. Jo, han kan ha rett i det. I førre veke snorkla eg rundt på nordsida av moloen i Sponavikjo, det var storparten av tida ein strabasiøs kamp med ein tett skog av martaum (som er det offisielle namnet på det Sørheim kallar ålegras). Heile Sponavikjo er full av desse lange algene, og det er mindre og mindre plass å bada på.
Eg trur det må ha vore eit anfall av eufori,
at eg var uvanleg oppstemt og lett til sinns og
hadde fått ei ikkje heilt daglegdags tru
på meg sjølv og framtida,
for då eg hadde vore med på den store folkefesten
som starta med avduking av Den høgreiste
på Leirvik torg og sidan heldt fram med
Storapride, der tusenvis av glade folk gjekk i
tog for å feira mangfaldet til menneskeslekta,
og like mange stod langs ruta og smilte til oss,
og eg hadde gått saman med yngre musikarvenner
og sunge All You Need Is Love,
endå eg ikkje likar The Beatles,
så då eg etterpå gjekk opp Borggata,
passerte eg Sosialistisk Venstreparti sin stand
og eg sa at til kommunevalet neste år
kunne dei godt setja meg opp på lista.
Les meir om Klar til å ta mi vakt→
I eit innlegg på Stord24.no meiner redaktør Jonas Sætre at ingen på Stord, andre enn Venstre og Frp, talar kommunen si sak i møte med sentraliseringa av både høgskulen og viktige samfunnsinstitusjonar. Ja, han kallar faktisk oss andre stordabuar for hovudlause høns. Eg er vel ein av desse hovudlause, eg då.